Cruisehamn
Flåm har kaiplass til eit cruiseskip. I tillegg er det ankerplass for eit stort skip eller to mindre skip samstundes.
Gudvangen har rikeleg med ankerplass, medan tenderkaien har avgrensa kapasitet. Tenderkaien er eigd av Gudvangen Hotelldrift as, Gudvangen Fjordtell. Kontakt Olav Hylland. Hamnevesen eig ferjekaien og ein mindre kai ved butikken på austsida av Nærøyelvi.
Dei mindre hamnene i Aurland, Undredal, Dyrdal, Styvi og Bakka har ingen tenderkai/flytebrygge og er bygde for lokale rutebåtar. I Aurland finst det ein kai for lastebåtar til lossing av grus og asfalt.
Turistinfo Flåm
Tilbod ein cruisepassasjer får kjøpt ombord:
- Flåmsbana til Vatnahalsen tur retur eventuelt deler til fots.
- Rundturen med tog, buss og båt fra Flåm, Myrdal, Voss, Stalheim, Gudvangen og tilbake til Flåm er også kalla Norway in a Nutshell.
- Tog til Geilo i Hallingdal og vidare med buss til Aurlandsdalen og tilbake til Flåm.
- Rundtur med buss gjennom Lærdalstunnelen til Borgund stavkyrkje og over Filefjell til Årdal og Villlaksenteret i Lærdal og attende over Aurlandsvegen med utsiktspunktet Stegastein til Aurland og Flåm.
- Kortare turar til Aurland og Undredal. I Undredal finst Norges minste stavkyrkje og Undredal stølsysteri. Aurland har skofabrikk og Vangen kyrkje frå 1202. I Flåm finst Ægir bryggeri og Flåmsbana Museet.
Mellom Flåm, Aurland, Undredal, Styvi, Bakka og Gudvangen driv Fjord1 og Sognefjorden båtruter. Elles er det fleire selskap som driv chartertrafikk på fjorden (sjå Lenkar).
Hamnetenester Flåm
Det finst trådløst nettverk til manskapet på cruisekaia i Flåm. Oppslag om tilgang er hengt opp på kontorvindauga på kaia.
Vi leverar vatn, hanterar boss, kontrollerar passasjerar og bagasje. Vi delar ut kart over hamnområdet (sjå her, pdf 762 kB), og kart med fotturar i Flåm (sjå her, pdf 789 kB).
Teknisk info, skipsanløp og seglingdistansar
Teknisk info om Flåm, Gudvangen og andre hamn: Hamn
Skipsanløp i Flåm hamn: Cruise/Skipsanløp.
Seglingdistansar frå Flåm og Gudvangen i nautiske mil: Hamn/Seglingsdistansar.

