Nyhende

Hamneregulativ 2012

Føresegn om anløpsavgift og gebyr i Aurland

Føresegn om anløpsavgift og gebyr i Aurland kommune sitt sjøområde og forretningsvilkår for vederlag og tenester i kommunale hamner. Etter lov av 2009‐04‐17‐19 – Lov om havner og farvann og etter – Forskrift om kommunenes beregning og innkreving av anløpsavgift er vedteken av Aurland kommunestyre 15. desember i samsvar med høyringsutkastet: Føresegn om anløpsavgift (pdf).

Share |

17. august Indonesia sin nasjonaldag

Ingen ting å seia på innsatsen

Ryndam sitt indonesiske mannskap har starta feiringen av nasjonaldagen sin alt den 11. mai med musikk, leikar og kappestridar. Entusiasmen står ikkje tilbake for vår eigen nasjonaldag. Bildet viser maskinistane som tok ein overbevisande siger her.

Share |

Queen Elizabeth til Flåm søndag 22. mai

Det går mot ein rekordsesong for cruisetrafikken. Prognosane viser at talet på passasjerar går godt over 150 000 og vil enda 10 000 over tidlegare rekord. Fleire store nye skip er meldt inn. Alt søndag 22. mai kjem Cunard sitt nyaste skip Queen Elizabeth. Skipet vart døypt i Southampton av sjølvaste dronninga sist haust. Kaptein Chris Wells som har fartstid både på gamle QE2 og Queen Mary 2 styrer skipet inn fjorden . Flåm Musikklag vil underhalda og ombord vert det utveksling av plakettar mellom kommune, hamn og skip.

Queen Victoria er søsterskip til Queen Elizabeth. Begge kjem til Flåm i sommar.


Midsommars kjem eit anna nytt skip den 66 000 tonns store Marina. Sett i trafikk i januar i år. Bygd for passasjerar som ynskjer seg god plass og god pleie, 800 tilsette på eit skip som tek 1250 passasjer er høg rate.
Eldre skip, men med nytt namn er Expedition, tidlegare bilferje på Austersjøen og den Engelske kanal med kapasitet på 1200 no ombygd til luksus båt med plass til 137 passasjerar. Andre er Artania (Artemis/Royal Princess), Mein Schiff II(Celebrity Mercury), Kristina Katarina( opphaveleg russisk ruteskip) og Seadream I. Seadream I er nærmast ein yacht å rekna med plass til berre vel hundre gjester.
Prince Daphne har besøkt Flåm kvart år sia kaien vart opna og kjem att i år for 20 gong. Dette er lite å rekna samanlikna med Marco Polo som kjem att for femtiande gong. For førtiande gong kjem Seabourn Pride og Costa Atlantica.

Ocean Countess startar i Hull og kjem 10 gonger til Flåm

Ikkje gløymast skal det at Queen Mary 2 kjem 20. juni og 8. august. Rotterdam VI og Crown Princess kjem på same dagen den 30. juni. MSC Orchestra, Costa Luminosa og Costa Atlantica kjem til kai kvar 14de dag.

Share |