Ledige stillingar: Sommarvikarar og sesongmedarbeidarar 2019

Aurland hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner, planlegg og byggjer nye anlegg i Aurland kommune. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaia i Flåm vart teken i bruk.

I sesongen 2018 vitja til saman 257 988 cruisegjeste fordelt på 153 anløp Flåm. For sesongen 2019 er det forventa ein liten oppgang i skuldersesongen (april-mai og september-oktober).

Aurland hamnevesen KF skal tilsetja medarbeidarar i Flåm hamn for sommarsesongen 2019. Sesongen startar med første cruiseskip i april og varer ut i oktober. I hovudsak rettar aktiviteten seg mot fartøy i turistfart og ein legg vekt på at gjestene skal få ei god oppleving. Hamnevesenet søkjer difor omgjengelege og serviceretta medarbeidarar som utfører arbeidsoppgåvene på ein pliktoppfyllande måte.

Me tilbyr:

  • Gode løns og arbeidsvilkår
  • Opplæring i arbeidsoppgåvene
  • Kursing innan fyrstehjelp og hjartestartar
  • Pulserande, internasjonalt og sosialt arbeidsmiljø
  • God arbeidserfaring

Sommarvikarar og Sesongmedarbeidarar – Drift

Cruisekaia i Flåm er ei ISPS-hamn og er underlagt internasjonale reglar som set avgrensingar på tilgjenge til kaiområdet. Hamnevesenet syter for opplæring. Andre oppgåver kan og førekomma. Tal på arbeidstimar fordelt over heile sesongen ligg vanleg mellom 300 og 400 timar. Løn etter tariff.

Vi vil for sesongen 2019 delegere fleire oppgåver i forbindelse med oppfølging av vaktplanar, PFSO-oppgåver m.m. til sesongarbeidarane. I den forbindelse ønskjer vi spesielt yngre kandidatar(+20) som ynskjer ansvar- og leiarerfaring. Vi vil samstundes oppfordre skuleelevar(+20) om å søkje om sommarjobb.

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

  • ISPS Vakthold og kontroll
  • Inspeksjonsrundar
  • Fortøying av cruiseskip
  • Rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegga og hamnevesenet sine områder
  • Informasjon til cruisegjester
  • Kontroll og inspeksjon av parkeringsområder(parkeringsvert)

Me søker 10-15 personar :

  • Du tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist
  • Du følgjer prosedyrar og retningslinjer
  • Du setter høge standardar for kvalitet
  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidstid
  • Du har god fysisk helse
  • Du kommunisera godt på Norsk og Engelsk
  • Du er utadvent og imøtekommande
  • Du har erfaring med service, vakthald og ISPS.

For riktig kandidatar vil det og vere moglegheit for opplæring og obligatorisk kursing som sikringsledar/ PFSO.

 

Sesongmedarbeidar – Vedlikehald

Aurland Hamnevesen skal tilsetja ein medarbeidar til førefallande arbeid på hamneanlegga i kommunen. Dette i perioden 1. mars til 15. oktober. Det meste vil vera praktiske oppgåver som vedlikehald, tilsyn og andre varierte oppgåver. Personen må og delta i fortøying av skip og inngå i naudsynt opplæring i ISPS. Andre arbeidsoppgåver kan førekomma. Løn etter tariff.

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

  • Førefallande arbeid på kaier, bygg og eigedomar
  • ISPS Vakthold, kontroll og PFSO oppgåver
  • Inspeksjonsrundar
  • Fortøying av cruiseskip
  • Rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegga og hamnevesenet sine områder
  • Informasjon til cruisegjester
  • Kontroll og inspeksjon av parkeringsområder(parkeringsvert)

Me søker ein person som:

  • Du har god erfaring med praktisk arbeid
  • Du er nevenyttig og båtvant
  • Du tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist
  • Du følgjer prosedyrar og retningslinjer
  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidstid
  • Du setter høge standardar for kvalitet
  • Du har god fysisk helse
  • Du kommunisera godt på Norsk og Engelsk
  • Du er utadvent og imøtekommande
  • Du har erfaring med service, vakthald og ISPS.

 

For riktig kandidatar vil det og vere moglegheit for opplæring og obligatorisk kursing som sikringsledar/ PFSO.

 

Søknaden sendast innan 31. januar 2019 pr. e post til jon.olav.stedje@aurland.kommune.no

Spørsmål kan rettast til assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje tlf: 97 62 73 82 eller hamnesjef Jostein Lange Bergset tlf. 94 97 27 28