Aurland Hamnevesen KF søkjer sommarvikarar og sesongmedarbeidarar for sesongen 2019.
Full utlysningstekst finn ein her.


Aurland kommune sitt sjøareal omfattar Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, og hamnene Flåm, Gudvangen, Aurland, Undredal, Dyrdal, Styvi og Bakka. Heile sjøarealet ligg innanfor UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Det finst faste båtruter i heile året.

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner og planlegg og byggjer nye anlegg. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaien i Flåm vart teken i bruk. Hamnevesenet har kontor på cruisekaien i Flåm. Post, sak og arkiv vert handtert digitalt av Aurland kommune.

Skipsanløp for 2018 og tidligere år finnes under Cruise.