Nyhende
Sognekongen – ny ekspressbåt til Bergen sett i drift.
Måndag 26. juli 2010 er ein merkedag for ekspressbåtsambandet frå Flåm til Bergen. Fjord1 har innvestert i ny båt på dette for hamna viktige sambandet. Båten er lettare og brukar mindre dristoff, likevel tek båten fleire passasjerar enn forgjengarane. I forhold til Solundir, brukar den heile 30% mindre drivstoff. Sognekongen har høg komfort, og det er rikeleg med plass for dei som vil røra på seg både inne og ute. Det er valt skinnstolar der folk som vil sjå ut alle sit i fartsretningen. I midtfeltet er det bord for dei som vil arbeida eller nyta ein kopp kaffi.
Måla er Lengde=38m, Breidde=11=m og Djupn=1m, medan marsjfarten inn Aurlandsfjorden var 32 nautiske mil i timen som tilsvarar 60 km/t.
P&O Ventura og Costa Deliziosa samstundes til Flåm
20. juli 2010 er det for første gong meir enn 6000 cruisepassasjerar samstundes på to skip. P&O sitt Ventura ligg for anker med 3280 passasjerar og Costa Deliziosa ligg til kai med 2784 passasjerar. I tillegg kjem 2134 tilsette som samla gir 8198 personar på det to skipa. Begge skal liggja heile dagen i Flåm med avgang kl. 18.00.
Costa kvar tysdag
Frå første juni til siste dag i august vil det kvar tysdag liggja ein Costa-båt til kai i Flåm. Først ut er Costa Atlantica som har vore regelmessigt i Flåm sia 2004. Neste tysdag kjem heilt nye Costa Deliziosa og resten av sommaren kjem dei anna kvar veke. Begge skipa er over 290 meter lange.




