Om Aurland Hamn

Aurland kommune sitt sjøareal omfattar Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, og hamnene Flåm, Gudvangen, Aurland, Undredal, Dyrdal, Styvi og Bakka. Heile sjøarealet ligg innanfor UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Det finst faste båtruter i heile året.

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner og planlegg og byggjer nye anlegg. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaien i Flåm vart teken i bruk. Hamnevesenet har kontor på cruisekaien i Flåm. Post, sak og arkiv vert handtert digitalt av Aurland kommune.

Hamnestyre:

  • Noralv Distad (styreleiar)
  • Osvald Turlid
  • Marit Berge
  • Marianne Holme
  • Anders Fretheim

Hamnestyre sine medlemar vert valde av kommunestyre.

Regelverk

Avfall:

 

aurlandhavn-facebook

Webcam Flåm