Sognekongen – ny ekspressbåt til Bergen sett i drift.

Berre nøgde passasjerar ombord

Måndag 26. juli 2010 er ein merkedag for ekspressbåtsambandet frå Flåm til Bergen. Fjord1 har innvestert i ny båt på dette for hamna viktige sambandet. Båten er lettare og brukar mindre dristoff, likevel tek båten fleire passasjerar enn forgjengarane. I forhold til Solundir, brukar den heile 30% mindre drivstoff. Sognekongen har høg komfort, og det er rikeleg med plass for dei som vil røra på seg både inne og ute. Det er valt skinnstolar der folk som vil sjå ut alle sit i fartsretningen. I midtfeltet er det bord for dei som vil arbeida eller nyta ein kopp kaffi.

Måla er Lengde=38m, Breidde=11=m og Djupn=1m, medan marsjfarten inn Aurlandsfjorden var 32 nautiske mil i timen som tilsvarar 60 km/t.

Share |