For andre året på rad vitja SS Oceanic oss. Båten er eigd av organisasjonen “Peace Boat” og er på jordomsegling. Den har med seg 924 passasjerar og mannskap på 307. Mellom passasjerane er det ein større FN-delegasjon. Dagen før låg båten i Bergen og då nytta ein del av dei høve til å gå i Flåmsdalen. SS Oceanic vart for vel ein månad sia forsøkt kapra av piratar utanfor Yemen. Ved å manøvrera skipet i sikk-sakk og samstundes spyla på piratane med vasskanoner heldt dei piratane unna lenge nok til at marinebåtar kom til og tok hand om piratane. Båten var ny i 1965 og hadde då fleire nye og framtidsretta løysingar. Livbåtane som tidlegare var plassert på toppen er bygd inn på eit lågare dekk. Symjebassenget fekk eit glastak over seg som kan opnast og lukkast alt etter veret. Neste gong dei kjem til Flåm vil dei stansa opp og ikkje berre snu på Stampebukti.

