Bel Abri heiter den nyaste luksusyachten. Den kom til Flåm på fredag den 7. mai rett frå verftet i Nederland og skulle liggja over til laurdag . Naturen har tydeligvis falle i smak, fordi båteigaren forlenga likegodt opphaldet nokre dagar. Swimmingpoolen som ikkje var teken i bruk er no fylt opp med kjeldevatn frå Flåm. Måndag er det visning ombord for den yachtinteresserte verdsspressa og tysdag skal dei same journalistane/fotografane fylgja yachten på cruise i Nærøyfjorden. Du finn meir stoff om båten her http://oceanshaker.com/2010/04/09/superyacht-bel-abri-strong-exterior-lines-and-spacious-interiors/ eller http://www.liveyachting.com/amels-luxury-motor-yacht-bel-abri


